Prisoppgang sau og ung sau
Vi har vore i kontakt med fleir butikk-kjeder, som vi har fått bekrefta at dei vil ta inn meir sauekjøtt frå oss.
Dette gjer at vi velger å sette opp prisen på sau og ung sau. 
Til våre leverandørar av Sau/Ungsau.


Prisane på sau og ungsau har som kjent vert lave lenge. Kjøtt har hopa seg opp på lager og vert vanskelig å få solgt i butikken. Vi har etter tilbakemeldingar frå fleire bønder jobba aktivt med saken.
Vi har fått positive tilbakemeldingar frå fleire butikk kjeder om at dei vil ta inn sauekjøtt frå oss. Kjempebra både for oss og Dykk.

Vi har hatt eit tillegg på kr 3,- på Sau klasse O+ eller bedre i fettgruppe 1 + t.o.m 3 og kr 1,- pr kg for ungsau klasse O + eller bedre og fettgruppe 1 + t.o.m 3. 

Vi aukar nå tillegget til kr 6,- for både sau og ungsau i klasse 0 + eller bedre og fettgruppe 1 + t.o.m 3.
Tillegget blir gjeldande frå 1. august til 31.12.2020.

Dei som har levert dyr i perioden august/september vil få det etterbetalt mellomlegget.

Det er også verdt å merke seg at omsetningsavgifta på Sau og Ungsau er satt til kr 0,- frå 12. oktober. Det gir økt avregningspris på kr 2,- pr kg.

Frå mandag 19. oktober økes grunntilskuddet med kr 2,- pr kg.

Håpar dette var ei fin melding som Dykk setter pris på 😊


Vi er klar for meir kortreist slakt av topp kvalitet!


Med vennlig helsing


Ole Ringdal AS