Kvifor Ringdal
Smak og bli overtydd!

Dei mest selde Ringdalprodukta tek med seg dei beste
tradisjonane frå verdsarvområdet og vert servert
forbrukarane med ein spennande lokal vri. Spekemat,
pølser og pålegg er tufta på tradisjonsrike oppskrifter,
gode råvarer og erfarne fagfolk i produksjonen.
Vi lagar t.d. Ringdalmør etter vår lokale (og hemmelege)
familieoppskrift, og har produsert den på Hellesylt i
meir enn 75 år. Ringdalmør er ei av dei mest etterspurde
varene våre.

For å kjenne at det er skilnad på Ringdal og andre varer,
tilrår vi kundane å prøvesmake same varene frå andre
produsentar. Sjølv om smak og behag er forskjelleg, vil
kunden som regel kjenne skilnad, og vi tek ikkje mykje
feil om vi påstår at kundane i dei fleste høve
vil velje Ringdal.