17.000 sauar blir delikatesser
27.10.17: 17.000 sauar kjem i desse dagar frå grøne sommarbeite og endar på de evige jaktmarknader ved Ole Ringdal AS på Hellesylt.
– Det skal ikkje stå på sauekjøt til jul, seier dagleg leiar Ole Ringdal, medan han ser på dei siste dagane sin produksjon. På rekkje og rad heng fine skrottar før dei går vidare til nedskjering og produksjonen av pinnekjøt og fenalår. Om ikkje lenge er det høgsesong på julebord og julemiddagar, men også ferskt kjøt blir til gode måltid i desse dagar.

600 produkt
Noko av kjøtet endar som pølser og pålegg av ulikt slag. Totalt har Ringdal rundt 600 ulike produkt.

I den andre enden av fabrikken kjem det dagleg store bilar med lam og sauar som i løpet av sommaren har ete på seg dei naudsynte kiloa som gjer dei til god menneskemat. Det går ikkje mange timane før teamet av britiske saueklipparar effektivt tar tak i dei kvite ulldottane. Med profesjonelt handlag kler dei i løpet av minutt av ulla og sender sauane nakne attende til båsen og den vidare produksjonen. 

Kortreist mat
Klipparane er godt kjende på Hellesylt, etter mange sesongars arbeid ved Ole Ringdal AS.

– Dette er kortreist mat i ordets beste forstand. Bønder i distriktet ser verdien av å ha eit lokalt slakteri og sender dyra til oss. Men vi har kapasitet til å ta imot enda meir krøter frå enda fleire bønder som ønsker at dyra skal sleppe lang dyretransport. Kjøtet endar i stor grad også i regionen, men vi levere sjølvsagt over heile landet, seier den daglege leiaren.

Snart 80 år
Trass høgsesong for sauekjøt og travle dagar på ulike felt, syner han Sunnmøringen rundt i fabrikken. Her går maskineriet på høggir. Ole Ringdal AS har løyve til å slakte og tilverke tamme klauvdyr og hovdyr. Stranda er ein av landets største produsent av geiter, og stadig fleire har fått auga opp for kva delikatesse dette er, spesielt kjekjøt. Også storfekjøt blir produsert ved det store anlegget, som vart starta ved Hellesyltfossen for 79 år sidan av bestefar til den noverande daglege leiaren. Han dreiv verksemda saman med sonen Kristen, som framleis er aktiv i den daglege drifta.

Viktig for busetnad
Som det einaste attverande slakteriet på Sunnmøre er Ole Ringdal blitt eit omgrep. Merkenamnet står sterk. For Ole Ringdal AS er det i høgste grad av interesse at landbruket held seg oppe, slik at verksemda kan gje gode arbeidsplassar.

– Vi er avhengige av kvarandre. Når bøndene sender feet sitt hit, er dei med å skape arbeidsplassar i distriktet som igjen gjer at folk vil busetje seg her. Difor er verksemda vår nært knytt til lokalsamfunnet. Vi bidreg gjerne med sponsormidlar til dei frivillige laga. Når vi støtter barne- og ungdomsaktivitetar, spesielt på Hellesylt, trur vi at det blir meir attraktivt å bu her. Og vi får att arbeidskraft seier Ole Ringdal, som skryt av dei rundt 90 tilsette, som etter hans meining er svært lojale og fleksible. I tider med mindre arbeid går ein inn i ulike oppgåver andre stader i verksemda.

Ikkje permittere
Ikkje ein gong i verksemda si snart 80 års årige historie har ein måtte permittere arbeidarar. I haustsesongen må ein leige inn folk. Nokre av dei er polske arbeidarar som har kome att år etter år. Då kjenner dei verksemda godt og treng ikkje ny opplæring.

– Vi har døme på at utanlandske arbeidarar er blitt verande her, men v