Tre GULL til Ole Ringdal AS
22.11.2017: Ole Ringdal AS med gode resultat i NM i kjøttprodukter, 3 gull og 1 sølvmedalje.
 
   



Ole Ringdal AS på Hellesylt lagar topp kjøttvareprodukt, det har ein fagjury i NM Kjøttprodukter 2017 slått fast. I konkurranse med 59 bedrifter og 530 ulike produkt vann hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt tre gull og ei sølvmedalje. Gull kom i kokt Ringdalmør, Ribberull og bacon i terningar. Og så vart det ei sterk sølvmedalje for Røykt Pinnekjøtt. Bedrifta har julemat av beste kvalitet også i år.

530 produkt
- I år var det 530 produkt påmeldt for bedømming med spesielt fokus på jul og pålegg. Heile 72 forskjellige typar pinnekjøtt, like mange julepølser og over 40 medisterkaker blei sendt inn. Det har vore rekordmange bedrifter påmelde, og kampen om norgesmestertitlene er beinhard, seier Svein-Erik Eide i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund.
 
Norsk og nært
- Ole Ringdal AS er eitt av få slakteri i fylket. Varespekteret tel 400 ulike produkt som blir til frå inntransport av levande dyr og slakting ved anlegget. Årleg tek bedrifta mot 25000 dyr av alle slag husdyr, storfe, småfe og gris. Tilgangen av slaktedyr kjem frå norske bønder i nærområdet og frå andre deler av Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Med andre ord , det er kort og human transport av dyra. Og alt som blir produsert ved anlegget på Hellesylt og haustar ry og anerkjennelse er produsert av norske råvarer