Ole Ringdal AS heidra tilsette med gullklokke
Etter 30 år i bedrifta vart Margreta Janssen og Ingebjørg Kjellstadli Sætren heidra og tildelt gullklokke og Norges Vel`s medalje under juleavslutning ved Ole Ringdal AS tysdag kveld.
 
Kantina ved Ole Ringdal AS på Hellesylt var julepynta tysdag kveld der leiinga inviterte ansatte til juleavslutning med servering av den beste julemat.

Gullklokker til pakkeriet
Under samlinga vart også to ansatte heidra for lang og tru teneste. Margreta Janssen og Ingebjørg Kjellstadli Sætren har så langt jobba ved pakkeriet med ekspedisjonsarbeid i 30 år og fekk til varm applaus tildelt synleg påskjønning med gullklokke frå bedrifta og Norges Vel`s medalje med diplom.
Det var disponent Kristen Ringdal og dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal som overrekte heideren der også blomster og mange gode ord for oppofrande innsats fylgde med. Dei håpa at både Margreta og Ingebjørg kunne halde fram i jobbane sine i mange år til.

Trygg arbeidsplass
Heiderspersonane sette sjølvsagt stor pris på den litt tidlege julegåva og i ein prat med hellesylt.info gav begge uttrykk for at dei hadde jobba på ein god og trygg arbeidsplass saman med gode kollegaer.
Margreta Janssen kom tilbake til heimbygda frå ei tilsvarande bedrift på Stranda og tok til i pakkeriet hos Ole Ringdal AS i 1987. Der har ho også vore avdelingsleiar i rundt 20 år, eit ansvar ho framleis har og deler saman med ein kollega.

Kjenner svingar og slaghåler
Ingebjørg Kjellstadli Sætren skulle berre jobbe nokre veker, kanskje eit par månader eller så då ho kom til Ole Ringdal AS på Hellesylt. Ho vart der i over 30 år til no. Bustaden er i nabobygda Hornindal så det har blitt nokre turar over fylkesgrensa. Kor mange veit ho ikkje, men ho veit kvar svingar og slaghola er, seier ho.
Under julesamlinga heidra leiinga også to tilsette som hadde slutta dette året. Både Kristi Ringdal og Ivar Hauge har tidlegare motteke gullklokka frå bedrifta. Tysdag kveld hadde leiinga blomster til dei to som ein ekstra takk for innsats gjennom mange år.

«Slest» om siste pinnekjøtpallen
Det var dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal som ønska dei ansatte vel møtt til juleavslutninga tysdag kveld. Han delte ut ros til alle for innsatsen i travle førjulsdagar.
–Det har vore eit kaos med mykje overtid, men dokke har stått på og gjort ein fantastisk innsats. Og sjølv om vi feirar i kveld får dokke ikkje fri i morgon, det er ikkje heilt over. Sjåførane våre kjem i arbeidskleda til denne juleavslutninga, dei har nettopp lasta opp bilane for ny utkøyring av varer i morgon. Og sjølv om kundane knivast om siste pallen med pinnekjøt er bedrifta full av anna god julemat. Dokke er vår viktigaste ressurs og det vil vi takke for mellom anna med denne julesamling og sosialt samver, sa dagleg leiar mellom anna til dei ansatte ved Ole Ringdal AS.